Er klarspråk eit av dei beste verktøya for effektivisering og betre tenester? Vi trur det. KS, Språkrådet, DigiVestland og Bergen kommune inviterer til Klarspråk 2026 i Bergen 19.–20. mars 2026.
Praktisk informasjon
Fra: 19. mars 2026 kl. 09:00
Til: 20. mars 2026 kl. 14:00
Sted: Radisson BLU Royal Hotel, Bergen
Pris: Fra 2690 kroner
Region: Nasjonalt
Klarspråk 2026 er ein nasjonal møteplass for deg som er opptatt av klart språk. Her får du inspirasjon, nyttig hjelp og konkrete tips – anten du er kommunikasjonsrådgjevar, innhaldsdesignar, sakshandsamar eller leiar.
KS, DigiVestland, Språkrådet og Bergen kommune inviterer for tredje gong til konferanse i Bergen for å løfte klarspråkarbeidet i offentleg sektor.
Kva får du høyre og snakke om?
Døme på godt klarspråksarbeid: Høyr om språkkulturen i Vipps, inkluderande og respektfullt språk, korleis klart språk kan gi betre helse, og mykje meir.
Klarspråk og kunstig intelligens – frå SEO til AEO: Finn ut meir om korleis vi bør skrive for å optimalisere for KI-søk, og kva konsekvensar det får for klart språk.
Nettverksbygging: Møt kollegaer som jobbar med klarspråk og digitalisering i kommunar og statlege kontor frå heile landet.
Inspirasjon og praktiske råd: Bli inspirert av alle dei gode tiltaka deltakarane deler med kvarandre, ta med deg heim konkrete døme og verktøy du kan bruke i klarspråksarbeidet.
Klarspråk 2026 har som mål å vere nyttig, inspirerande og konkret, og byggjer på innspela frå deltakarane tidlegare år.
"Konkret og nyttig, "nedpå" og med god stemning."
Deltakar, Klarspråk 2025
"Dyktige og inspirerande forelesarar. Jo meir konkret og kvardagsnært, jo betre. Alt i alt eit glimrande og relevant program!"
Deltakar, Klarspråk 2025